Ein autoritær lærar oppnår mykje!
Klasseforstandaren min på barneskulen vil eg aldri gløyma! Lindeland heit han, og det var ein lærar som gjorde eit sterkt innverknad på meg. Eg hugsar det som det var i går! Han var alltid det vi prata om på vei heim frå skulen. Eg trur aldri nokon elevar har vore meir disiplinerte, lydige og høflege enn det elevane i vår klasse var! Det var mange episodar eg hugar godt frå barneskulen. Den som set sterkast var ein gong eg og besteveninna mi Mari hadde teikna eit bilete til Lindeland. Stolt gjekk vi frem til kateteret og gav det til han. Lindeland såg på oss med eit strengt blikk, og det tok ikkje mange sekund før bilete låg i søpla. Heile klassen var stumme, verken eg eller Mari fekk ut eit einaste ord. Lindeland fortalde oss at dersom han skulle få eit maleri, måtte det ikkje vere kvite flekkar nokon plass. Det er nemleg slikt at når vi malar eit bilete skal heile arket fyllas ut, sa han! Det var siste gong nokon i klassen gav ein gåve til Lindeland.
I gymnastikken gav Lindeland oss nokon scener vi nok aldri kjem til å gløyme! I starten og slutten på kvar time måtte vi alltid gå gjennom det same opplegget. Vi måtte stilla oss på ei lang rekkje to og to, mens vi marsjerte opp til Lindeland som stod plassert i sentrum av salen! Når vi kom rett ved han, fekk vi fleire ordre. Med eit strengt blikk fekk vi beskjed om å gi akt, for så å gå i kvil! Det gikk ein del rykte på skulen om at Lindeland i fleire år hadde prøvd å kome inn i befalsskulen. Når eg tenkjer tilbake i tid forstår eg godt kvifor vi trudde det!
Det positive med at Lindeland var svært autoritær og streng, var at heile klassen lærte mykje! Det var ikkje overraskande at vi var den klassen som skåra høgast på dei fleste testar. Det var ingen som turte å gjere noko anna enn det dei blei bedd om, vi hadde utroleg respekt for han. Når eg treff Lindeland den dag i dag kan eg ikkje gjere anna enn å smila. Til tross for ein streng undervisning, set eg igjen med mykje kunnskapar eg vil ta med meg livet ut!

1 Comments:
Hei katrine.
Som Birgit sier jeg Hmmmmm. Hvor går det viktige skillet mellom å være redd for og ha respekt for?
Toril :-)
Post a Comment
<< Home