Wednesday, September 27, 2006

Seminar

I dag hadde vi seminar med fokus på erfaringar vi så langt har fått i praksis. Vi studenter blei delt inn i grupper på tvers av klassene , eit medlem frå kvar praksisgruppe. På denne måten fekk vi høyra om alle skulane, noko eg synes var utroleg interresant. Det var nyttig å høyre om korleis dei forskjellige skulane fungerte på svært forskjellige måtar. Vi diskuterte våre personlege meiningar om kva vi trudde fungerte betre enn andre ting. Med bare to dagar i praksis følte eg at enkelte hadde litt for klare meiningar om korleis ting skulle fungere. Det skal nok meir erfaring i læraryrket trur eg, enn at vi allereie kan bedømma kva som fungerar og ikkje. Det er positivt at ein sit igjen med mykje inntrykk, noko eg sjølv har fått mange av!

Samtalane gruppene hadde gjekk ut på forskjellige temaer blant anna korleis born er og korleis skulane var? Der forskjellane var størst om korleis skulane fungerte i forhold til regler og undervisning. På sagvåg skule har alle elevane tilgang til bærbar pc og undervisningen går på tvers av klassetrinna. På dei andre skulane var der bare ein pc i klasserommet, og i undervisinga følgte elevane bare si eiga klasse.

Vi prata også mykje om korleis born er, om korleis elevane oppførar seg, kler seg og korleis interresser dei har. Ein på gruppa vår fortalte at han hadde lagt merke til at han kunne sjå ein klar samanheng med korleis elevane kler seg og korleis oppførsel dei har. Dette er noko eg aldri har merka meg, dette gav meg ein ide eg vil følgja opp vidare! Når det gjeld hobbiar var det fotball, fingerhekling og hoppe tau som kom mykje igjen!

Vi diskuterte også om det var mykje uro og døtid under og i undervisninga. Mange meinte at elevane mangla respekt ovenfor læraren, noko som eg ikkje har erfart hit til i praksis. Det var mange som såg negativt på gruppearbeid, eg sjølv er positive til dette! Det er heilt klart at det må mykje planlegging til om eit slik opplegg skal fungere, men like viktig er det at elevane sjølv ser det viktige i det dei holder på med!

Dagen var nyttig! Vi fekk sjå forskjellige sider og meiningar knytta til praksis!Eg trur det er viktig at vi som studenter har i tanke på å heile tida utvikle oss i praksis. Like viktig er det å høyre på menneske med meir erfaring enn deg! Dei ser nok ting litt annerledes enn kva vi studenter gjer, og det er nok meir meining bak handlingar enn kva vi er klar over allereie no!

2 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Hei Katrine.
Du har mange tanker rundt seminardagen. Du poengterer betydningen av ikke å ha bastante meninger på et relativt tynt grunnlag. Det er et viktig poeng. Vi erfarer jo ofte i denne utdanninga at holdninger og meninger endrer seg mye etter hvert som efaringene og kunnskapene utvikles. Det er viktig å være åpen og positiv, forsøke å finne bakgrunnen for valg som blir gjort i skolen. Det er ikke uvanlig at situasjoner kan være helt annerledes enn det en i førsteomgang tror. En smule ydmykhet er aldri å forakte. Og det er heller ikke friske diskusjoner.
Toril :-)

2:17 AM  
Anonymous Anonymous said...

jyq w esz j, porn. npu k, uxj fozfee! gavv y nqi wp.

2:29 PM  

Post a Comment

<< Home