Wednesday, October 04, 2006

Klasse og gruppeleiing

Da eg kom inn i klasserommet i dag, handhelste Birgit på kvar og ein av oss. Rundt om kring i klasserommet var det levande lys og lyset i taket var dempa. Denne måten å starta undervisninga var ein ny vri eg aldri har vore borti før, og det fanga min oppmerksamleik frå fyrste stund. Temaet for i dag var klasse og gruppeleiing. Dette emne var for meg interessant, fordi vi fekk nyttig fagstoff om ulike situasjonar vi vil møta i praksis eller seinare i arbeidslivet.

Ved temaet klasse og gruppeleiing er det klart at eigenskapane til ein god leiar står sentralt. Som lærar bør eg ha orden i sakene mine, være ryddig og planlegge godt. Dette vil vera viktige element for korleis undervisninga mi blir. Når vi snakka om dette i dagens undervisning, kjente eg igjen situasjonar frå praksis. Klassen er observerte på Sagvåg brukte mykje meir tid å kome i gang med oppgåver i kunst og handverk, dersom utstyret ikkje var lagt frem på forhand. Da gjekk det mykje tid vekk til tull, og det blei støy og kaos. God undervisning gir arbeidsro, og arbeidsro gir god undervisning!

Det er mange andre eigenskapar som er viktig for å vera ein god lærar. Ein skal kunne sjå den enkelte elev, gi tydelege beskjedar, visa elevane respekt, og vera motiverande for elevane. Ved å gi elevane tydelege beskjedar vil du spara deg sjølv for ein masse med spørsmål og å måtte gjenta beskjedane. I timen i dag snakka vi også om å gi ros. Dette er viktig både for motivasjon og innsats i timane. Vi bør gi ros i forhold til korleis arbeidsinnsatsen til den enkelte elev har vært. Under dette emne kom eg på ein artig episode frå praksis, der eg møtte ein elev som var svært glad i dette med å få ros. Han kom med ein morosam kommentar til meg i matematikk timen: ”mamma seiar eg er geni i dette”. I slutten av timen var eleven lei av å rekne, då sa han at eg skulle overta. Eg spurte han om det var eg eller han som var gein her, og det tok ikkje mange sekundane før han rekna vidare!

Som lærar må du kunne forholda deg til mange ulike menneske. Da er det viktig at du skapar deg gode relasjonar både til kollegaer, foreldre og elevar. Eg meinar at ein god leiar må kunne akseptere at andre er forskjellige frå deg, både i væremåte og meiningar. Eg bit meg også fast i det Birgit har sagt tidligare, at ein som stadig utviklar seg som lærar! Etter kvart som ein får meir erfaring, er det lettare å ta avgjøringar og vite kva som kan fungera, og ikkje fungera i ulike situasjonar.
I timen ble det også diskutert ulike skyteepisodar på skoler som i USA og Canada. Da ble filmen Bowling for Columbine av Michael Moore nemnt. Dette er ein dokumentar eg sjølv har sett mangfaldige gangar, etter mi meining ein film av høy kvalitet! Der vises ein scene eg aldri vil gløyme! To skolekameratar går inn på ein skule i Colorado med halvautomatiske våpen. Ein time seinare vendar dei daudbringande våpna mot seg sjølv i skolens bibliotek. Da har den 18 år gamle Eric og den 17 år gamle Dylan, allereie rukket å heinretta 12 av sine medelevar og ein lærer. Dette er ein tankevekkar! I timen fekk vi sjølv sjå ein video som sit igjen i mine tankar! Ein film om ein skuleelev som heiter Robin. Han blei i mine auge mobba, trakkassert og banka. Dette skjedde over lengre tid, og ingenting blei gjort. Til slutt måtte foreldra til guten ta saken i sine eigne hender, og Robin måtte bytte skule! Vi får høyre eit intervju der rektoren på den gamle skulen ikkje har ryggrad i etterkant å kalla det mobbing. Dersom ho enda er rektor, er det ein skam for norsk skule! I norske skuler har vi ulike prosjekter for å unngå mobbing, blant anna Oleweus- og Zero. Eit motto eg vil bringa vidare til mine elevar er: ”Du skal gjera mot andre, det du vil at andre skal gjera mot deg”.

Dagens undervisning var svært nyttig! Eg blei svært engasjert i temaa som blei tatt opp! I slutten fekk vi sjå ein dokumentar om Anne. Ho er det vi kallar eit løvetannsborn, eit born som meistrar samfunnet til tross for at oddsa står i mot ho. Eg fekk ein utrolig god kjensle etter å høyre om historia! Det fortel mykje om kva vi som menneske kan oppnå, dersom vi vil! I læraryrket må vi vera førebudd på å møte elevar som har opplevd omsorgsvikt, og vi som lærarar er med i oppgåva med å hjelpe desse på dei riktige stiane i den fyrste delen av livet deira!

0 Comments:

Post a Comment

<< Home