Monday, January 29, 2007

Arbeisboka fiksa!

No har eg lagt ut ei ny sida i arbeidsboka mi, nemleg animasjon og collage! I tillegg har eg fiksa litt på dei forskjellige sidene, noko som var nødvendig. Eg har lagt ei ny side på lenker, den gamle sida med lenker sletta eg.

Når det gjeld oppgåve 3 fekk eg mykje utbytte av å gå øve og fiksa på den! No følar eg oppgåva har ein heilhet over seg. Eg lærte mykje av å slå opp på dei enkelte tinga eg blei tipsa om. Blant anna leste eg om mursteinsprinsippet, og sat meg dypare inn i både Piaget og Vygotski. Det var faktisk gøy og jobba meir med oppgåva, eg kan sei meg stolt over at eg har lagt mykje arbeid i den. Dette til tross for at eg blei skuffa over tilbakemeldingane eg fekk i fyrste omgang. Men når eg fekk lese over kommentarane ein gang til, der eg hadde fått litt avstand frå oppgavå, såg eg meg enige i dei fleste av dei! :)

0 Comments:

Post a Comment

<< Home