Thursday, October 12, 2006

Pedagogisk grunnsyn og læringsteori

I dag snakka vi om emna pedagogisk grunnsyn og læringsteori i pedagogikken. Vi fikk informasjon om at vi om to veker skal framføra eit gruppeprosjekt. Gruppene ble delt inn i praksisgruppene, meininga med prosjektet er at vi skal få frem våre pedagogiske grunnsyn og læringsteoriar. Denne oppgåva trur eg vi kan få nytte av, da kan vi tenke over kva verdiar og holdningar vi har som lærarar. Dette er emnar eg nesten ikkje har nokon forhold til frå før, derfor vil det bli mykje å sette seg inn i. I undervisninga fekk vi vita kort om desse emna. Læringsteori er forståing av korleis læring føregår, mens pedagogisk grunnsyn er verdiar og holdningar som ligger til grunn for pedagogisk praksis. Eg trur ved denne oppgåva som ligg føre meg kan bli spennande, allereie no har eg begynt å tenka over kva eg som lærar kan gjera for å tilpasse opplæringa. Etter kvart som eg sett meg inn i fagstoffet vil eg sjå kvifor ein teori som eg støttar meg til. Eg bit meg fast i noko Birgit sa: ” ingen teori aleine gir heile sannleiken.” Det er samen dei gir best resultat. Med andre ord når eg tenkar meg om, i denne oppgåva finner vi ingen fasit som er rett! Vi står ganske fritt i denne oppgåve, likevel har eg store forventingar til at eg vil lære mykje. Det er ein del teori til disse emna, da bør eg vera strukturert slik at eg får set meg inn i både da eg synes er mest interessant, samtidig som eg har kjennskap til resten av pensumet. I tillegg til 15 min framføring skal vi også vera referansegruppe for ei annan gruppe. Med andre ord skal vi gi tilbakemelding til ei framføring.

I dag fekk vi også innføring i multi-intelligensar og læringsstilar. Vi kan dele læringsstrategiane inn i fire hovudkategoriar: Den visuelle, auditive, kinetestetiske og taktile. Frå mine egne erfaringar veit eg at vi som menneske lærar forskjellig. Hos meg står den auditive læringsstilen sterkt, der eg lærar mykje av å snakke og diskutere. Det fire forskjellige sansane har eg kjennskap til frå kroppsøving. Det visuelle er synet, auditive høyrsel, kinetetiske fysisk aktivitet og taktil er de kreative evna. Vi som lærarar må vite til desse læringsstilane, og legge til rette slik at elevane kan bruke dei forskjellige til læring. Birgit viste også til ni ulike intelligensar.

- Logisk og matematisk intelligens-- Visuell, romlig intelligens - Kroppslig og kinestetisk intelligens- Musikalsk og rytmisk intelligens- Interpersonlig intelligens- Menneskevendt og sosial intelligens- Intrapersonlig (intuitiv) intelligens- Naturalistisk intelligens

Eg kjente meg igjen i den visuelle og kroppslige intelligensen. Med tanke på at eg trene fotball kvar dag, var det ikkje vanskelig å koma frem til da. Eg hater å sitje i ro, og elskar å tilbringa tid ute i naturen! Eg synes det er mykje meir spennande å prøve ting i praksis, enn å lesa om det. Det er heilt klart det er nyttig å ha teori om emnar på forhand, men ein lærar mykje av å gjera ting også! Nokon tema er lettare å forstå dersom ein bare hoppar i det. Å læra seg nye lekar kan vera døme på dette. Ofte er det lettare å bare prøve det ut med elevane, enn å stå opp å ned og forklara det til dei.

Eg bit meg fast i noko Toril sa : ”som lærar blir ein aldri utlært”. Du lærar så lenge du lev! Eg trur det er viktig for oss som lærar at vi er opne til å læra frå menneske rundt oss, ofte dei som har meir erfaring enn oss. Etter kvart som eg kjem i jobb, vil eg sjølv skaffa meg erfaring som andre kan ha nytte av. Det er viktig å ta i bruk kvarandre, enten vi er studentar eller kollegaer. Toril fortalte også at det pedagogiske grunnsynet hennar hadde forandra seg med tida! Da set eg meg ned å tenkjer at ein etter kvart som ein får erfaring, får vi også større forståing for dei forskjellige syna! Ein ting eg meinar er viktig, er at vi alle må akseptera at andre menneske har forskjellige holdningar, verdiar og syn enn oss sjølv! Som tidligare sagt, det finnes ingen fasit svar.

1 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Du har en god og reflektert oppsummering av dagen. Synes det er spennende at du tenker over hvordan du selv lærer best.Vi har nok litt av alle de ulike intelligensene, men i forskjellig grad. Og den måten vi selv lærer på, påvirker oss i noen av de valgene vi tar som lærere.
Håper du har hatt stort utbytte av arbeidet. Uansett er pedagogisk grunnsyn og læringsteori noe vi stadig vil komme tilbake til i utadnninga. Nå har vi tatt de første skrittene. Lykke til med framlegget i morgen. Æ glede mæ!
Toril :-)

10:37 AM  

Post a Comment

<< Home