Monday, November 20, 2006

Praksis - Kjekt å undervise!

Personlege mål i denne praksisperioden: ·
-Alltid kome presis og holde avtaler
-Vere førebudd til all undervisning
-Bli meir kjent med det faglige nivået på dei enkelte elevane, i forskjellige fag. Kva gode kvalitetar har dei, og kva er det eleven må jobba meir med?
-Bli flink til å sjølv kunne vurdera kva som fungerte godt og kva som kunne bli gjort på andre måtar?
-Bli tryggare på meg sjølv når eg undervisar
-Samarbeide med elevane, studentane og lærarane på skulen
-Vere positiv rollemodell
-Vere motiverande og aktiv.

I denne praksisperioden har eg verkeleg fått prøvd meg ut som undervisar og lærar. Eg har hatt mange timar i forskjellige fag, noko eg syntes var interessant. I denne perioden, har eg verkeleg fått bekrefta at det er lærar eg vil bli. Praksisgruppa eg er i, bestemte fort at vi ville ha flest mogleg utfordringar i den fyrste veka. Det var få timar vi ikkje hadde ansvar for.

I forhold til måla mine føler eg at eg har jobba for å nå dei. Det er klart at ein alltid skal kome presis og holde dei avtalane vi lagar! Her føler eg at eg har gjort mitt for å oppretthalde dette. Gruppa mi var raskt ute med planlegging av dei ulike undervisningstimane allereie torsdag veka før praksis. Dette gjorde det enklare for oss når me kom i praksis, for vi kjende ikkje til noko tidspress. Vi var alltid førebudd til all undervisning. Samarbeidet i gruppa fungerte bra, vi fordelte oppgåvene og hjelpte kvarandre undervegs. Vi var flinke til å gi kvarandre tilbakemeldingar på kva som fungerte godt, og kva som kunne gjort på andre måtar. På denne måten blei eg tryggare når eg underviste. Målet var heila tida og forbetre meg sjølv og tenke på å få mest mulig ut av timane.

Når ein jobbar i praksis samarbeider ein både med kontaktlærar, studentar og elevane rundt. Samarbeidet med kontaktlærer synes eg har vært bra! Vi får tilbakemeldingar om korleis timane går, og vi har fått råd undervegs. Vi i gruppa har også samarbeida både i planlegging og gjennomføring av timar! Vi har hatt positiv innstilling heile perioden. Dette hjelp oss til å vera motiverande for elevane, og eg følar vi har klart og engasjert dei!

I norsk hadde vi emne substantiv, der lærte vi elevane om artiklar, kjønn og bøyingssystem. Elevane kunne ein del frå før, det gjorde det lettare å byggja på kunnskapane deira. Spesielt i matematikk og KRL er eg stolt av resultatet etter timane vi har gjennomført. Eg er mest imponert av kva elevane har fått med seg. Det er ein tilbakemelding på at dei synes det er interessant. I ein arbeidsøkt i slutten av første veke, gjekk vi rundt å observerte om elevane meistra multiplikasjon med tosifra tal. Så å si heile klassen meistra det. Sjølv hadde eg gymnastikktimane i den andre veka. Dette følte eg gjekk bra, aktivitetsnivået var det i alle fall ikkje noko å seie på.

På torsdagen i den fyrste veka hadde vi heile klassen aleine heile dagen. Vi var spente på korleis dette skulle gå. Det gjekk over all forventning, og da vi gjekk på kinoen var det ingen som ikkje oppførte seg bra. Det var verkeleg kjekt å vita at elevane respekterte oss. Vi fekk også prøve oss på emne om Norden, der elevane satt namn på kartet og teikna. Det verka som dei synast det var gøy.

Eg sat meg eit nytt mål denne perioden. Finne meir ut om det faglege nivået til elevane i dei forskjellige fag. Til tross for at eg ikkje var med dei siste dagane av praksisperioden pga sjukdom, føler eg at eg har fått meg eit godt bilete av kvar elev. Dette gjer ofte jobben min enklare, både når det gjeld planlegging og utfordingar eg heile tida støyter på. Eg har også lagt merke til at elevane har ulike eigenskap og ferdigheitar, då dei samarbeide utfyllar mange kvarandre! Det er mange av elevane som er flinke i nokon fag, men som slit meir i andre fag. Når eg ser tilbake til praksis, følar eg at eg har nådd dei måla eg sat meg. Denne perioden i Praksis var vellykka. Å undervisa er jo bare gøy :) !!Eg gler meg til å kome tilbake i praksis.

1 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Gleden over det du har lært og erfart i praksis kommer tydelig fram i det du skriver. Du sier dere kom tidlig i gang med planlegging av arbeidet, og at du derfor opplevde lite stress. Flott at et godt samarbeid i gruppa både har skapt trygghet og gitt økte muligheter for faglig utvikling. I oppgaven i pedagogikk, får du mulighet til å arbeide videre med erfaringer fra praksis. Lykke til!
Toril :-)

11:27 AM  

Post a Comment

<< Home