Monday, February 19, 2007

Læringsteori

Me finner ein rekkje læringsteoriar som bidrar til å belysa læringsprosessar i klasserommet. Det er viktig å tenkje på at ein læringsteori ikkje gir heile sannleiken aleine, men set fokuset på ulike sider ved læring. Læringsteoriar er viktig for å gjera læraren meir bevisst på elevar sine tenkjemåtar, og ikkje minst korleis dei tilegnar seg kunnskap best mogleg.

Toril har i dag undervist oss i kva Behaviorismen og Kognitivismen seiar om læring. I denne timen lærte eg mykje, dette fordi Toril la timen opp til diskusjon og tankar rundt emne. Ho hadde verken Power Point eller anna fremvisning. I denne timen fungerte dette bra, klassen måtte sjølv vera me å skapa timen til noko lærerikt. Etter å ha jobba med læringsteoriar tidligare hadde eg ein del kunnskap frå før, ved å oppsummera og fletta saman kunnskapen hjalp det meg mykje i at eg sjølv fekk ein oversikt over kva som innebærar i desse teoriane.


Det sentrale i Behavorismen er observasjon. Med andre ord, å observera elevar sine atferd og handlingar. Behavorismen legg vekt på at alle elevar kan klare alt bare dei får rett stimuli og nok tid. I denne teorien blir der ikkje rom for kreativitet og indre prosess. Det er ytre motivasjon som står sentralt, og indre motivasjon uteblir. I behavorismen høyrar vi om straff og belønning. Dersom ein lærar skal følge dette må han eller ho kjenne elevane sine godt! I timen snakka vi om at det som kan vera belønning for nokon, kan fort vera straff for andre. Det er til dømes ikkje alle som likar å gå tur i naturen, og vil derfor oppleve dette som straff. Tanken bak belønningen er at det skal motivera elevane til å oppleve meisting. Under dette emne snakka vi om adferdsmodifikasjon, belønne positiv atferd, og slå ned på uønska adferd.

Toril kom inn på dette om korleis ein bør gi ros til elevane. Ein bør ikkje til dømes bare seia : ”Du er flink til å teikna.” Men, ein bør gå dypare inn i eleven sitt arbeid, ros det konkrete. Dette var noko som fekk meg til å tenka meg om, og det vil eg ta med meg vidare i praksis. Som lærar bør ein gi fortjent ros, til rett tid. Vi fekk også høyra nok ein gong at vi må sjå den enkelte elev. Toril nemnte blant anna at elevar er forskjellige, og må derfor bli behandla der etter. Ein elev kan ha behov for å koma seg vekk frå klassen av og til, og då kan biblioteket vera et alternativ. Eg blei imponert då Toril sa at elevane forsto at ein til tider må behandla elevane ulikt etter behov.



Under Behaviorismen kom me inn på Gagne og mursteinsprinsippet. Teorien går ut på at kunnskap bygges som murstein i ein mur, der mursteinen har kunnskap over heilheten av faget. Som lærar må ein bryta ned kunnskapen i delområder, og ein må vera bevvist på rekkefølgen å presentera det til elevane. Tanken er at elevane skal læra seg å bygga kunnskap bit for bit. Det er ofte slik at i ”muren” til den enkelte elev er det hull her og der. Det er viktig at vi byggar på det eleven allereie kan, og ikkje set fokuset på det han eller ho ikkje kan. Det viktigaste for motivasjon, er å bygga opp eleven sitt sjølvbilete!

Den andre teorien me høyrte om i dag var Kognitivisme som oppfattar læring som ei omstrukturering av individet sin måte å oppfatte på. Læring er endring av kognitive skjema, der ny informasjon ikkje finn ein naturleg plass. Dei to omgrepa som kognitivismen kanskje er mest kjend for er assimilasjon og akkomodasjon. Desse to omgrepa skildrar desse to prosessane. Assimilasjon handlar om at informasjon får plass i eit eksisterande skjema, medan akkomodasjonen uttrykkjer omdanning av skjema. Dette gjer at kunnskapsinnhenting er ein aktiv prosess, der kvart nytt kunnskapstilskot vert omarbeidd av individet. Med andre ord, her set me fokuset på kva som skjer i hovudet til oss menneske. Sanseinntrykk må bearbeidast med gammal kunnskap. Me kom inn på begrepet metakognisjon, å vita korleis eg lærar best.

Denne timen var tung, men utrolig lærerrik. Det er ein av dei nyttigaste timane eg har hatt i pedagogikk til no. Sjølv om det er mykje å holda styr på, lærte eg mykje nytt. Dette flettar eg saman med det eg kunne frå før. No er det snart praksis igjen, og eg gledar meg til å koma tilbake til å undervisa!

4 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Hei Katrine.

Må sei at du blogger bra, og har fått med deg mykje. Det var lærerikt å lesa det du skreiv. Eg er semd med deg i at det var ein veldig bra ped time. det er altid fint med litt oppfrisking.

Du er god som gull.

7:48 AM  
Anonymous Anonymous said...

Du skriver godt og reflektert. Du får fram teorien samtidig som du viser hva du selv tenker om det du skriver. Fint at du opplevde denne økta som læringsrik. Det er som du sier: Dere har vært med på noen prosesser nå og har fått noen knagger på pass. Det er jo først da det blir spennende! Dessuten var dere aktive medspiller og bidro selv til å skape gode dialoger med mange spørsmål og tanker. Det viser bare hvor stor betydning dere studenter har for at noe skal bli bra! Engasjement og motivasjon smitter.
Toril :-)

10:55 AM  
Anonymous Anonymous said...

Du e FLINK Katrine. Du får med deg mykje og reflekterer veldig bra! Eg lærer mykje av det du skriv og får intrykket av atr du har god kontroll!

Du e knusegod..:)

1:00 AM  
Anonymous Anonymous said...

explained many people repayment your loans in a timely manner along with with out penalty charges
A respected consumer debt charitable organization expects how many most people looking toward them all pertaining to assistance around payday advance money owed so that you can two-fold this unique. unsecured debt charity says close to purchase the actual cash advance, large fascination lending options this coming year. Any charitable organisation tells 3 years before the sheer number of buyers with them was initially small.
pożyczka gotówkowa 30000
http://pozyczki-prwatne.org.pl
kredyty bez bik
pożyczki prywatne
kredyt mieszkaniowy bez bik

http://szybkapozyczkaonline.com.pl
http://pozyczki-prwatne.net.pl
http://kredyty-bez-bik.org.pl

11:23 PM  

Post a Comment

<< Home