Tuesday, February 13, 2007

Ny oppgåve og praksis i vente!

I går var eg og praksisgruppa mi på Sagvåg skule. Møte med kontaktlæreren vår gjekk ut på å diskutera kva for nokon emne og fag vi skulle undervise i. Ved å planlegga tidlig, har me god tid til å koma frem til gode resultat. Denne måten meinar eg var ein bra måte å jobba på, der både praksisgruppa og kontaktlæraren kan samarbeide. Me er då i ein god dialog, dette er viktig slik at me er klare på kva som blir arbeidsoppgåvene våre i neste praksisperiode. Anne – Elisabeth gav oss gode råd om korleis me kunne ta fatt i oppgåvene, og i uke 11 skal vi ha skissert ein grovplan over dei tre ukene i praksis. No er det bare å stå på og forbereda oss godt, slik at me er ”fit for fight” for neste periode i praksis.

I dag var me på skulen og arbeida med mappeoppdrag 5. Oppgåva me jobbar med er eit samarbeid mellom matematikk og pedagogikk. Oppgåva er ganske krevande, der vi skal bryte ned ulike kompetansemål i KL06 knytta til emnet vi tar for oss til mindre læringsmål. Vi har valgt emne måling, der vi fokuserer på omkrins og areal. I tillegg til dette skal vi knytte motivasjon opp mot emne. Oppgåva er vanskeleg, men samarbeide på gruppa vår fungerer veldig bra noko som hjelp på. Vi prøver å holde humøret oppe, sjølv om det til tider kan vera vanskeleg etter lange dagar på skulen.

1 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Du er i full gang og har mange baller i lufta. Mappeoppgaven i matematikk og pedagogikk er nok en liten utfordring, men her vil dere gjøre nyttige erfaringer i forhold til framtidig yrke. Det er noe som heter at det er i oppoverbakke det går framover! Fint at du opplever samarbeidet med øvingslærerne som positivt. Stå på!
Toril :-)

11:36 AM  

Post a Comment

<< Home