Wednesday, September 27, 2006

Seminar

I dag hadde vi seminar med fokus på erfaringar vi så langt har fått i praksis. Vi studenter blei delt inn i grupper på tvers av klassene , eit medlem frå kvar praksisgruppe. På denne måten fekk vi høyra om alle skulane, noko eg synes var utroleg interresant. Det var nyttig å høyre om korleis dei forskjellige skulane fungerte på svært forskjellige måtar. Vi diskuterte våre personlege meiningar om kva vi trudde fungerte betre enn andre ting. Med bare to dagar i praksis følte eg at enkelte hadde litt for klare meiningar om korleis ting skulle fungere. Det skal nok meir erfaring i læraryrket trur eg, enn at vi allereie kan bedømma kva som fungerar og ikkje. Det er positivt at ein sit igjen med mykje inntrykk, noko eg sjølv har fått mange av!

Samtalane gruppene hadde gjekk ut på forskjellige temaer blant anna korleis born er og korleis skulane var? Der forskjellane var størst om korleis skulane fungerte i forhold til regler og undervisning. På sagvåg skule har alle elevane tilgang til bærbar pc og undervisningen går på tvers av klassetrinna. På dei andre skulane var der bare ein pc i klasserommet, og i undervisinga følgte elevane bare si eiga klasse.

Vi prata også mykje om korleis born er, om korleis elevane oppførar seg, kler seg og korleis interresser dei har. Ein på gruppa vår fortalte at han hadde lagt merke til at han kunne sjå ein klar samanheng med korleis elevane kler seg og korleis oppførsel dei har. Dette er noko eg aldri har merka meg, dette gav meg ein ide eg vil følgja opp vidare! Når det gjeld hobbiar var det fotball, fingerhekling og hoppe tau som kom mykje igjen!

Vi diskuterte også om det var mykje uro og døtid under og i undervisninga. Mange meinte at elevane mangla respekt ovenfor læraren, noko som eg ikkje har erfart hit til i praksis. Det var mange som såg negativt på gruppearbeid, eg sjølv er positive til dette! Det er heilt klart at det må mykje planlegging til om eit slik opplegg skal fungere, men like viktig er det at elevane sjølv ser det viktige i det dei holder på med!

Dagen var nyttig! Vi fekk sjå forskjellige sider og meiningar knytta til praksis!Eg trur det er viktig at vi som studenter har i tanke på å heile tida utvikle oss i praksis. Like viktig er det å høyre på menneske med meir erfaring enn deg! Dei ser nok ting litt annerledes enn kva vi studenter gjer, og det er nok meir meining bak handlingar enn kva vi er klar over allereie no!

Friday, September 22, 2006

Pedagogikk Onsdag

På onsdag lærte vi om observasjon i forhold til praksisperioden vi skal ha! Vi skal observera elevene i klassen vi skal ha praksis i. Vi observerar både ute og inne. Målet er at vi skal finne ut korleis elevane er? Det er mykje å observera blant anna faga, elevene, klasserommet og uteområde. Formålet med observasjonen er at vi skal bli kjende med skulen, elevene og korleis skuledagen er organisert.

Etter praksis skal vi skrive logg som skal vere basis for oppgave 5 i skulekverdagen. I tillegg blei vi minna om kor viktig teieplikt og diskresjon er. Eg gledar meg til praksis!

Wednesday, September 20, 2006

Ein autoritær lærar oppnår mykje!

Klasseforstandaren min på barneskulen vil eg aldri gløyma! Lindeland heit han, og det var ein lærar som gjorde eit sterkt innverknad på meg. Eg hugsar det som det var i går! Han var alltid det vi prata om på vei heim frå skulen. Eg trur aldri nokon elevar har vore meir disiplinerte, lydige og høflege enn det elevane i vår klasse var! Det var mange episodar eg hugar godt frå barneskulen. Den som set sterkast var ein gong eg og besteveninna mi Mari hadde teikna eit bilete til Lindeland. Stolt gjekk vi frem til kateteret og gav det til han. Lindeland såg på oss med eit strengt blikk, og det tok ikkje mange sekund før bilete låg i søpla. Heile klassen var stumme, verken eg eller Mari fekk ut eit einaste ord. Lindeland fortalde oss at dersom han skulle få eit maleri, måtte det ikkje vere kvite flekkar nokon plass. Det er nemleg slikt at når vi malar eit bilete skal heile arket fyllas ut, sa han! Det var siste gong nokon i klassen gav ein gåve til Lindeland.

I gymnastikken gav Lindeland oss nokon scener vi nok aldri kjem til å gløyme! I starten og slutten på kvar time måtte vi alltid gå gjennom det same opplegget. Vi måtte stilla oss på ei lang rekkje to og to, mens vi marsjerte opp til Lindeland som stod plassert i sentrum av salen! Når vi kom rett ved han, fekk vi fleire ordre. Med eit strengt blikk fekk vi beskjed om å gi akt, for så å gå i kvil! Det gikk ein del rykte på skulen om at Lindeland i fleire år hadde prøvd å kome inn i befalsskulen. Når eg tenkjer tilbake i tid forstår eg godt kvifor vi trudde det!

Det positive med at Lindeland var svært autoritær og streng, var at heile klassen lærte mykje! Det var ikkje overraskande at vi var den klassen som skåra høgast på dei fleste testar. Det var ingen som turte å gjere noko anna enn det dei blei bedd om, vi hadde utroleg respekt for han. Når eg treff Lindeland den dag i dag kan eg ikkje gjere anna enn å smila. Til tross for ein streng undervisning, set eg igjen med mykje kunnskapar eg vil ta med meg livet ut!

Wednesday, September 13, 2006

Ein god lærar

Idag hadde vi undervisning i pedagogikk. Temaet var lærarrollen! Kva eigenskapar treng ein god lærar? Yrket er verdens viktigaste, det er vi som skal danna den neste generasjon!Vi lærte mykje nyttig. Inge Eidsvåg sine 10 bud for lærarar er nokon viktige punkt å ta med seg når eg ska i praksis, og når eg begynn å jobba som lærar. Ellers lærte vi litt om at vi som lærarar må vera dyktige planleggjerar for å nå dei mål, og danna dei planar vi er plikta til! I tillegg gjekk vi inn på opplæringslova!

Eg meinar ein god lærar må vera strukturert, motiverande, prinsippfast og ein god pedagog. I slutten av timen lagde kvar av medlemmane i praksisgruppa mi 5 punkt om kva dei viktigaste eigenskapane til ein god lærar er. Etterpå rangerte vi dei etter kor viktige dei var!Til slutt la eg det ut i arbeidsboka mi.

Thursday, September 07, 2006

God morgen!

Ja no har eg lagt ut kjørereglane i dagboka mi. I tillegg har eg lagt til eit bilete!

Wednesday, September 06, 2006

Retting!

Nå har eg retta nynorsken min i oppgåve 1. Må konsentrera meg meir om nynorsken fremover. ;)

Forandring i arbeidsboka!

I dag har eg gjort ein del forandringar i arbeidsboka mi! Eg har redigert bilete på forsida, i tillegg har eg fjerna understrekinga på overskriftene. Dette gjorde eg fordi eg frykta at dei som kjem inn på sidå mi forbinder det som linker. No er skrifta på alle sidene mine i Verdana skrifttype. Eg har i tillegg lagt til eit nytt bilete, lærarstudie logo. Der Oppgåvene mine ligg har eg lagt ut ein tabell, dette meinar eg lage betre oversikt på sida.

Tuesday, September 05, 2006

Innlevering!

Igår kveld la eg ut oppgåve 1 i arbeidsboka mi. Oppgåva gjekk ut på kvifor eg vil bli lærar. Dette gjekk heilt greit! Eg hadde litt problemer når eg skulle publisera det, men eg klarte det til slutt.