Monday, October 30, 2006

Framføring!

I dag har alle gruppene framført sine prosjekt i pedagogikk. Emna var som tidlegare nemnt læringsstratergier og grunnsyn, der vi fekk frem våre eigne personlege meininger om kva vi sjølv vektleggjar som viktige prinsipp.
Alle gruppene var flinke, på kvar sin måter. Det var mykje som blei gjentatt, nettopp derfor lærte eg også mykje! Eg beit meg merke i at det var fleire som poengterte at det ikkje var eit fasit svar i denne oppgåva. Det er eg veldig enig i, dette fordi eg meinar at ein bør plukke ut det positive frå grunnsyna. Med andre ord, du treng ikkje stå fast med eit bestemt standpunkt.
Framføringa til vår gruppa gjekk bra. Eg var litt nervøs på forhånd, men det er slikt ein må rekna med! Vi hadde tatt utgangspunkt i den sosiokulturelle læringsteorien, og gått dypere inn i Vigotsky sin PROKSIMALE :) utviklingssone! I tillegg til foredrag, hadde vi lagd ein film som vi viste fram føre klassen! Eg følte vi fekk ei god tilbakemelding frå klassen, noko eg e nøgd med!
Eg har ikkje bare lært om teoriar og læringsstilar i denne oppgåva! Gjennom at eg redigerte filmen som vi viste til klassen, fekk eg lære meg korleis ein redigerar! Det var mykje å set seg inn i, men dette er noko eg vil få igjen for ved seinare anledningar, både i skulesamanheng og utenom! Det var utroleg fasinerande å jobba med, det var noko av det som gjorde denne oppgåve ekstra spennande!
Nå ser eg frem til ein ny praksisperiode på Sagvåg. Vi var på møte med kontaktlæraren vår idag, og allereie mandag startar eg å undervisa. Dette ser eg frem til :)

Thursday, October 12, 2006

Pedagogisk grunnsyn og læringsteori

I dag snakka vi om emna pedagogisk grunnsyn og læringsteori i pedagogikken. Vi fikk informasjon om at vi om to veker skal framføra eit gruppeprosjekt. Gruppene ble delt inn i praksisgruppene, meininga med prosjektet er at vi skal få frem våre pedagogiske grunnsyn og læringsteoriar. Denne oppgåva trur eg vi kan få nytte av, da kan vi tenke over kva verdiar og holdningar vi har som lærarar. Dette er emnar eg nesten ikkje har nokon forhold til frå før, derfor vil det bli mykje å sette seg inn i. I undervisninga fekk vi vita kort om desse emna. Læringsteori er forståing av korleis læring føregår, mens pedagogisk grunnsyn er verdiar og holdningar som ligger til grunn for pedagogisk praksis. Eg trur ved denne oppgåva som ligg føre meg kan bli spennande, allereie no har eg begynt å tenka over kva eg som lærar kan gjera for å tilpasse opplæringa. Etter kvart som eg sett meg inn i fagstoffet vil eg sjå kvifor ein teori som eg støttar meg til. Eg bit meg fast i noko Birgit sa: ” ingen teori aleine gir heile sannleiken.” Det er samen dei gir best resultat. Med andre ord når eg tenkar meg om, i denne oppgåva finner vi ingen fasit som er rett! Vi står ganske fritt i denne oppgåve, likevel har eg store forventingar til at eg vil lære mykje. Det er ein del teori til disse emna, da bør eg vera strukturert slik at eg får set meg inn i både da eg synes er mest interessant, samtidig som eg har kjennskap til resten av pensumet. I tillegg til 15 min framføring skal vi også vera referansegruppe for ei annan gruppe. Med andre ord skal vi gi tilbakemelding til ei framføring.

I dag fekk vi også innføring i multi-intelligensar og læringsstilar. Vi kan dele læringsstrategiane inn i fire hovudkategoriar: Den visuelle, auditive, kinetestetiske og taktile. Frå mine egne erfaringar veit eg at vi som menneske lærar forskjellig. Hos meg står den auditive læringsstilen sterkt, der eg lærar mykje av å snakke og diskutere. Det fire forskjellige sansane har eg kjennskap til frå kroppsøving. Det visuelle er synet, auditive høyrsel, kinetetiske fysisk aktivitet og taktil er de kreative evna. Vi som lærarar må vite til desse læringsstilane, og legge til rette slik at elevane kan bruke dei forskjellige til læring. Birgit viste også til ni ulike intelligensar.

- Logisk og matematisk intelligens-- Visuell, romlig intelligens - Kroppslig og kinestetisk intelligens- Musikalsk og rytmisk intelligens- Interpersonlig intelligens- Menneskevendt og sosial intelligens- Intrapersonlig (intuitiv) intelligens- Naturalistisk intelligens

Eg kjente meg igjen i den visuelle og kroppslige intelligensen. Med tanke på at eg trene fotball kvar dag, var det ikkje vanskelig å koma frem til da. Eg hater å sitje i ro, og elskar å tilbringa tid ute i naturen! Eg synes det er mykje meir spennande å prøve ting i praksis, enn å lesa om det. Det er heilt klart det er nyttig å ha teori om emnar på forhand, men ein lærar mykje av å gjera ting også! Nokon tema er lettare å forstå dersom ein bare hoppar i det. Å læra seg nye lekar kan vera døme på dette. Ofte er det lettare å bare prøve det ut med elevane, enn å stå opp å ned og forklara det til dei.

Eg bit meg fast i noko Toril sa : ”som lærar blir ein aldri utlært”. Du lærar så lenge du lev! Eg trur det er viktig for oss som lærar at vi er opne til å læra frå menneske rundt oss, ofte dei som har meir erfaring enn oss. Etter kvart som eg kjem i jobb, vil eg sjølv skaffa meg erfaring som andre kan ha nytte av. Det er viktig å ta i bruk kvarandre, enten vi er studentar eller kollegaer. Toril fortalte også at det pedagogiske grunnsynet hennar hadde forandra seg med tida! Da set eg meg ned å tenkjer at ein etter kvart som ein får erfaring, får vi også større forståing for dei forskjellige syna! Ein ting eg meinar er viktig, er at vi alle må akseptera at andre menneske har forskjellige holdningar, verdiar og syn enn oss sjølv! Som tidligare sagt, det finnes ingen fasit svar.

Thursday, October 05, 2006

Arbeidsro eller støy? Svar til Birgit!

I praksis var det vanleg at elevane hadde fagleg undervisning, for så å ha arbeidstime. Da kunne dei enten jobba aleine eller i saman med nokon. Det er heilt klart at dersom ein skal samarbeide om oppgåver, må ein kunne snakke saman. Elevane må få lov til å diskutere og hjelpe kvarandre. Dersom elevane er dyktige til å jobbe med det dei får beskjed om å gjera, bør ein akseptere samtaler og diskusjonar. Vi som lærarar må sete krav til at elevane visar respekt for ein annan, og ikkje er meir høglydt enn nødvendig. Ein kan med andre ord samarbeide utan å øydelege arbeidsroa! Støy med andre ord er unødvendig bråk!

Arbeidsboka

No har eg lagt ut ei ny sida i arbeidsboka mi! Den heiter lenker. Eg har lagt ut ein del lenker frå forskjellige fag! Fleire lenker kjem etter kvart! Eg har også lagt ut bileter frå fyrste praksisperiode!

Wednesday, October 04, 2006

Klasse og gruppeleiing

Da eg kom inn i klasserommet i dag, handhelste Birgit på kvar og ein av oss. Rundt om kring i klasserommet var det levande lys og lyset i taket var dempa. Denne måten å starta undervisninga var ein ny vri eg aldri har vore borti før, og det fanga min oppmerksamleik frå fyrste stund. Temaet for i dag var klasse og gruppeleiing. Dette emne var for meg interessant, fordi vi fekk nyttig fagstoff om ulike situasjonar vi vil møta i praksis eller seinare i arbeidslivet.

Ved temaet klasse og gruppeleiing er det klart at eigenskapane til ein god leiar står sentralt. Som lærar bør eg ha orden i sakene mine, være ryddig og planlegge godt. Dette vil vera viktige element for korleis undervisninga mi blir. Når vi snakka om dette i dagens undervisning, kjente eg igjen situasjonar frå praksis. Klassen er observerte på Sagvåg brukte mykje meir tid å kome i gang med oppgåver i kunst og handverk, dersom utstyret ikkje var lagt frem på forhand. Da gjekk det mykje tid vekk til tull, og det blei støy og kaos. God undervisning gir arbeidsro, og arbeidsro gir god undervisning!

Det er mange andre eigenskapar som er viktig for å vera ein god lærar. Ein skal kunne sjå den enkelte elev, gi tydelege beskjedar, visa elevane respekt, og vera motiverande for elevane. Ved å gi elevane tydelege beskjedar vil du spara deg sjølv for ein masse med spørsmål og å måtte gjenta beskjedane. I timen i dag snakka vi også om å gi ros. Dette er viktig både for motivasjon og innsats i timane. Vi bør gi ros i forhold til korleis arbeidsinnsatsen til den enkelte elev har vært. Under dette emne kom eg på ein artig episode frå praksis, der eg møtte ein elev som var svært glad i dette med å få ros. Han kom med ein morosam kommentar til meg i matematikk timen: ”mamma seiar eg er geni i dette”. I slutten av timen var eleven lei av å rekne, då sa han at eg skulle overta. Eg spurte han om det var eg eller han som var gein her, og det tok ikkje mange sekundane før han rekna vidare!

Som lærar må du kunne forholda deg til mange ulike menneske. Da er det viktig at du skapar deg gode relasjonar både til kollegaer, foreldre og elevar. Eg meinar at ein god leiar må kunne akseptere at andre er forskjellige frå deg, både i væremåte og meiningar. Eg bit meg også fast i det Birgit har sagt tidligare, at ein som stadig utviklar seg som lærar! Etter kvart som ein får meir erfaring, er det lettare å ta avgjøringar og vite kva som kan fungera, og ikkje fungera i ulike situasjonar.
I timen ble det også diskutert ulike skyteepisodar på skoler som i USA og Canada. Da ble filmen Bowling for Columbine av Michael Moore nemnt. Dette er ein dokumentar eg sjølv har sett mangfaldige gangar, etter mi meining ein film av høy kvalitet! Der vises ein scene eg aldri vil gløyme! To skolekameratar går inn på ein skule i Colorado med halvautomatiske våpen. Ein time seinare vendar dei daudbringande våpna mot seg sjølv i skolens bibliotek. Da har den 18 år gamle Eric og den 17 år gamle Dylan, allereie rukket å heinretta 12 av sine medelevar og ein lærer. Dette er ein tankevekkar! I timen fekk vi sjølv sjå ein video som sit igjen i mine tankar! Ein film om ein skuleelev som heiter Robin. Han blei i mine auge mobba, trakkassert og banka. Dette skjedde over lengre tid, og ingenting blei gjort. Til slutt måtte foreldra til guten ta saken i sine eigne hender, og Robin måtte bytte skule! Vi får høyre eit intervju der rektoren på den gamle skulen ikkje har ryggrad i etterkant å kalla det mobbing. Dersom ho enda er rektor, er det ein skam for norsk skule! I norske skuler har vi ulike prosjekter for å unngå mobbing, blant anna Oleweus- og Zero. Eit motto eg vil bringa vidare til mine elevar er: ”Du skal gjera mot andre, det du vil at andre skal gjera mot deg”.

Dagens undervisning var svært nyttig! Eg blei svært engasjert i temaa som blei tatt opp! I slutten fekk vi sjå ein dokumentar om Anne. Ho er det vi kallar eit løvetannsborn, eit born som meistrar samfunnet til tross for at oddsa står i mot ho. Eg fekk ein utrolig god kjensle etter å høyre om historia! Det fortel mykje om kva vi som menneske kan oppnå, dersom vi vil! I læraryrket må vi vera førebudd på å møte elevar som har opplevd omsorgsvikt, og vi som lærarar er med i oppgåva med å hjelpe desse på dei riktige stiane i den fyrste delen av livet deira!